Det uavhengige plateselskapet NORCD feirar 25 år i år, og gjev framleis ut spanande og nyskapande musikk i sjangrane jazz og folkemusikk. Mange kjente norske musikarar har gitt ut musikken sin på NORDCD. Og fleire av dei står no klare til å feire plateselskapet og primus motor Karl Seglem.

Vestlandsenergi
Karl Seglem er vestlendingen som har lagt verda under sine jazzføter. Han er særlig kjent for korleis han integrerer element frå folkemusikken i jazzen. Sjølv kallar han musikken sin for verdsjazz. Og han har ei lang liste spanande utgjevingar bak seg. Både som soloartist og gjennom sine mange samarbeidsprosjekt. Eit døme på slike samarbeid er duoen «Isglem», der Seglem samarbeider med perkusjonisten Terje Isungset. Duoen har hausta godord frå musikkpressa sidan dei ga ut sitt første album i 1991. I år ga Isglem ut sitt femte album, som passande nok heiter «5te».

Seglem må utan tvil vere ein av dei mest energiske musikarane i norsk musikkbransje. Eller musikar? Seglems traktering av saksofon og bukkehorn er berre noko av det han er kjent for. Han er i tillegg komponist, musikkprodusent, plateselskapsdirektør og poet. Og akkurat no er det plateselskapet som står i fokus.

Carl Seglem med bukkehorn. Foto: Sigvor Mala
Carl Seglem med bukkehorn. Foto: Sigvor Mala

NORCD
Plateselskapet NORCD vart etablert av Karl Seglem i 1991. Dei seier sjølve at dei vil vere ein særeigen formidlar av jazz-, folk-, impro-, og verdsmusikk. I høve 25-årsjubileet har Cultura Notes stilt Karl Seglem nokre spørsmål om det å vere platedirektør og sjølvsagt om den store jubileumsfestivalen på Sentralen i Oslo helga 30. september-1. oktober.

Omgrep som særeigen og innovativ heng ikkje alltid saman med dei store salstala. Du har drive labelet ditt i 25 år. Kva er oppskrifta for å overleve som uavhengig plateselskap så lenge?

─ Eg har alltid tenkt på musikken først. Det einaste slagordet vi har hatt (frå 90-talet) er “Plateselskapet som bryr seg meir om musikk enn om salgstal”. Ikkje dermed sagt at vi ikkje vil selga plater, men eg meiner vi har klart å halda fokuset på innhaldet, sjølve musikken, det god musikk kan gje ein lyttar som lyttar. Så har vi vore flinke til å “setta næring etter tæring” i form av at eg aldri har teke ut løn men ført midlar tilbake til selskapet og nye produksjonar, fortel Karl Seglem.

Du er ein av våre mest anerkjente musikarar og komponistar, samstundes med at du sjølv er aktiv som artist. Korleis klarer du balansegangen mellom å vere artist og platedirektør?

─ Det er to sider av same sak. Eg elskar å arbeida, har mykje energi, og har heile tida tenkt at det er så mykje god musikk som mange aldri får sjangs til å høyra – som berre må tidfestast og formidlast. Eg har tenkt på det som eit godt bokforlags-menneske ville ha gjort. Likar å tenkja på CD – LP formata som (musikalske) bøker. Musikk er og blir livet mitt, og det har vore ei stor glede å få høve til å høyra og utgje så mykje bra norsk musikk opp igjennom, og samarbeide med så mange dedikerte musikarar, seier Seglem.

Neste fredag og laurdag er det storstilt feiring på Sentralen. Kan du røpe nokre høgdepunkt frå programmet?

─ Vi feirar med 20 konsertar over 2 dagar med over 60 musikarar på 4 scener på Sentralen i Oslo. Det blir superstas. Som lyttar må du berre høyra alle!! Eg vil ikkje framheva nokre. Det blir ei fin blanding i spennet mellom tradisjonell hardingfelemusikk og frijazz, seier Seglem, som lovar at programmet på Sentralen vil spegle den innhaldsrike katalogen til NORCD.

Under Moldejazz i 2014 spelte Seglem jazz for barn, Monsterjazz. Som del av konserten hadde han da også med illustratør som teikna monstre til musikken. Cultura Notes ser at Monsterjazz står på programmet på Sentralen, tidleg på laurdag 1. oktober.

Er planen din å gje barna jazz før EDM-en tek dei?

─ Sjølvsagt 🙂 Barn har fortjent det beste – og det ekte. Monsterjazz var tingingsverk til Moldefestivalen 2014. Den 1. oktober gjer vi det utan illustratør – men eg trur det blir full baluba og interaksjon mellom sal og scene. Kanskje tilogmed dans!

Tekst: Karen Thommesen

Fullt program for NORCD25år på Sentralens hjemmeside
Billetter: https://ticketco.no/entities/10285/
NORCD på Facebook

Karl Seglem kvartett. Foto: NORCD
Karl Seglem kvartett. Foto: NORCD